onsdag 30. september 2009

Digital mobbing

Sist veke hoppa ei 13 år gammal jente ut frå ei bru. Ho overlevde ikkje. På brua ligg blomar fra klassevenner – dei same som hadde mobba henne på Facebook. (Frå avis sist veke). I Stavanger Aftenblad kunne ein lese om ei anna jente som måtte skifta skule fordi ho blei mobba – på chattestadar som Facebook, Nettby…..

Det var tidleg morgon på jobb, då ei fortvila mor ringte og fortalte at nokon hadde lagt ut bilete av dotter hennar på Nettby. I tillegg var det oppretta grupper der, som hadde ”hat- sider” om henne. Fleire av ”vennene” hennar var medlem der, både yngre og eldre elevar på skulen. Alt dette skjedde utanom skuletid, men fekk store konsekvensar for elevane i skulekvardagen.

Ei anna mor ville ha møte med oss. Ho hadde med seg fleire utskrifter frå chattestadar som fortalte om stor mobbeaktivitet retta mot eit par elevar på skulen, mellom anna hennar eiga dotter. Både tekst og innhald var skremmande – sextrakassering, utestenging , kommentarar på klede og utsjånad m.m. Språket som blei brukt var støytande. Både jenter og gutar var med på aktiviteten.
Alt dette skjedde utanom skulen og aktiviteten eksploderte i løpet av nokre få dagar. Trakasseringa gjekk òg utover lærarar. Kva skulle me gjera? Opplæringslova krev at skulane har system og skal gjennomføre tiltak som sikrar elevane eit godt psykososialt skulemiljø.
Det blei gjennomført mange samtalar med elevar og heimar i denne perioden, og me fekk ulike reaksjonar.
Me hadde dårleg tid, for juleferien var ganske nær. Likevel var det viktig å gjere noko før ferien. Dette var eit større problem enn berre skulen sitt. Eg som rektor, kjente at eg måtte varsle alle heimane om dette. Ilag med ordføraren sendte me ut ei varsling om digital mobbing – og det hadde god effekt. http://www.forsand.kommune.no/Filnedlasting.aspx?FilId=534&
Mange diskuterte, mange tok ansvar, me kom i media – både aviser og på TV. Tilbakemeldingane var at elevar hadde opplevd ei roleg jul på nettet.
Etter jul blei BarneVakten kontakta. www.BarneVakten.no Der fekk me mange gode råd. Dei kom til skulen og hadde møte med klassane, med lærarane og med foreldra/bygda om kvelden. Me lærte om nettvett, elevane laga nettvett-reglar, og foreldra fekk mange gode råd.
I tillegg kunne IT- folka hjelpe oss med å stenge tilgang til Facebook og Nettby på kommunen sitt nett. I perioden etter jul kjente me oss mykje tryggare.

Eg meiner at skulen ikkje kan ikkje verne elevane mot digital mobbing, men me kan ( og bør) lære dei om nettvett og me kan gi foreldra gode råd og hjelpe dei til å ta ansvar og å engasjere seg. Og som skuleleiarar bør me ha kunnskap om og engasjement for godt nettvett.

mandag 28. september 2009

Eg kjenner meg ikkje særleg flink!

23. september.
Akkurat no skriv eg bloggen min som word- dokument. Kjem ikkje inn på bloggen min fordi passordet ligg i e-posten, og e-posten er min jobbmail, og i fleire dagar har kommunen sitt nett lege nede – og eg må vente til det er ”oppe å gå” før eg får publisert bloggen min. Men eg kan kommentera, og eg kan lesa pensum.

28. september.
Og når då endeleg nettet var oppe, fekk eg ikkje til nokon ting. Passordet virka ikkje, eg fann ikkje fram - og tilslutt gav eg opp ei tid. Men idag var alt annleis. Eg forstår ikkje kva som skjedde.

I dag har eg lest Monitor9-rapporten (tilsendt skulen) og om PILOT- prosjektet (i lyseblått kompendium).

Mykje har skjedd sidan sist eg var inne på bloggen. Eg kjenner at studiet hjelper meg til å setje fokus og sjå kva utfordringar me har i skulen. Ikkje minst kjenner eg at det er slitsamt å ikkje kome vidare enn til dei innleiande problema ( Erstad, PILOT, Skolar som lykkes). Dei tekniske problema i vår kommune gjer at skulekvardagen vår blir utrygg – særleg når det gjeld om me er på nett eller ikkje. Det er utruleg mykje me ikkje får gjort når nettet ikkje er ”oppe”. Ikkje får eg betalt rekningane, ikkje får eg lesa e-posten – som berre er reint administrativt. I tillegg kjenner eg at eg må laga ein alternativ plan for den pedagogiske aktiviteten i undervisninga i morgon. Eit alternativ dersom ”nettet” framleis ikkje funkar. Og kva gjer me med nasjonal prøve i rekning, kun digitalt?
På skulen vår har me utfordringar fordi det er bestemt at elevane skal bruke Linux-maskinar, medan lærarar og administrasjon bruker Windows. Me har stadig vekk vanskar med å få til eit stabilt nett. I tillegg har ikkje dei fådelte skulane eiga heimeside eller ei læringsplattform.

Den økonomiske situasjonen i kommunen opnar ikkje for å gi småskulane eit løft innan IKT. Snarare heng sparekniven over oss og truar oss med nedlegging og til ikkje å klaga. Stadig snakkar ein om at det er billigare å driva ein stor skule. Kanskje mykje av årsaka ligg nettopp her – leiarane på dei små og fådelte skulane kjenner at dei må formidla ”me klarer oss godt” i staden for ” dette går ikkje lenger”. Fundamentale innleiande problem altså.

I nettverket vårt diskuterte me desse utfordringane og kva me saman bør gjera. Me blei m.a. einige om å lage ein felles plan for innkjøp av utstyr til skulane som skal vere med på å bruke data pedagogisk ( prosjektørar i klasserom, digitale tavler, bærbare- pc’ar til lærarane, mm …) Me tur at behov for kompetanse vil auke når utstyret er på plass, og leiinga legg til rette og pressar på. For kompetanse er det trong for. Spesielt innan pedagogisk bruk av IKT i alle fag og døme på gode opplegg . PILOT- prosjektet viser at lærarar lærer best gjennom nettverk og gjennom kollegarettleiing. Hos oss er det allereie etablert eit slikt nettverk, i tillegg er skulane så små at heile kollegiet fungerer som eit team.

Ei av oppgåvene eg vil gjere, er å lage ei undersøking blant lærarane på fådelt-skulane våre. På den måten kan eg få inn empirisk materiale som eg vil bruka vidare i mine refleksjonar. Målet må vera å finna ut : Kva kan me? Kva treng me? Kva ønskjer me? Vil gjerne ha innspel her.

Monitor 09 viser at det å ha ein IT- ansvarleg i full stilling har mykje å seie for IT- utviklinga i skulen. Dette trur eg er svært viktig. Hos oss vil me nok vere fleire skular som deler på den IT -ansvarlege. Eg trur det er viktig at IT- ansvarleg har god teknisk kunnskap – men ikkje berre det. Den IT- ansvarlege bør og ha kunnskap om pedagogisk bruk av data.

Eg likte godt å lese at det faktisk var ein suksessfaktor å vere ein liten skule ( PILOT/ Erstad).
Ser heilt klart at det er naturleg og mykje lettare å få med alle på ei utvikling – i motsetnad til større skular der ein gjerne finn ”ildsjeler” som driv utviklinga åleine eller i mindre grupper.

Den siste veka har lokalavisene i Rogaland skrive mykje om IT i skulen. Rogalands avis skreiv 18.09. om ”Lærarar som fortviler over elevenes nettsurfing i timene”. Tema om digital mobbing, om nettvett, om aktivitet på nett som får store konsekvensar for både det sosiale liv ( mange har berre nettvenner og bruker 6-7 timar kvar kveld på pc) og for fysisk fostring. Eg trur at det er viktig å også ta med seg denne sida av utviklinga. Det er mange utfordringar som møter oss.

I neste blogg vil eg dela med dykk mi erfaring med digital mobbing. Eg har gjort meg nokre erfaringar og vore oppe i tilfeller som eg trur har gjort meg klokare.

onsdag 9. september 2009

Mi første studieøkt

Har idag starta, som planlagt, arbeidet med studieoppgåvene mine.
Til nå har tida gått med til å lese på Its learning. Det var faktisk spennande å opne bloggen min og sjå at fleire hadde vore inne og lagt inn kommentar.
Eg gjer meg nokre tankar om korleis eg har tenkt å bruke bloggen min. Kjem nok til å utforske meir på dette med å utforming - gjere han fin. Mest for å lære meg verktøyet - men og for at eg liker slikt. Men sjølvsagt vil hovudpoenget vere refleksjon. Refleksjon over tema for modulen og litteratur som eg les, men og reflekson over situasjon og utfordringar på arbeidsplassen min. Skal prøve å finne ein "raud tråd" og har tankar om å bruke bloggen som ein logg: Kva har eg lese? Mine tankar om det? Kva utfordringar arbeider eg med? Kva vil vere viktig for meg som leiar og korleis ev gjere det?
Av mange grunnar er det mykje som ikkje er klart for meg akkurat no Mest dette at eg skifta arbeidsplass i haust- frå ein stor 1-10 skule med mange ressursar og ein skuleeigar med god økonomi, til ein bitteliten fådelt skule ( med barnehage) der ressursane er ei utfordring kvar dag. Mykje er nytt og annleis.
Eg ser at det er samanhengar mellom skulen sin økonomi, både når det gjeld ressursar til ITansvarleg, innkjøp av naudsynt utstyr og opplæring, og kva ein i praksis får til. God vilje og kunnskap er åleine ikkje nok, ein treng utstyr som fungerer.
På skulen der eg jobbar nå, har eine læraren eit funksjonstillegg som ITansvarleg. Som skuleleiar har eg eit overordna ansvar med mange muligheiter og mange utfordringar der eg kan få til mykje - men det er også fleire ting som eg berre ikkje kan få til. Personalet er ein utruleg kjekk gjeng kvinner som ikkje eig motstand mot dette "nye". Har nå tenktå kaste meg over litteraturen, og starter med kompendiane me fekk - det lyseblå er visst det rette...

fredag 4. september 2009

Ny blogger og studiestart.

Er akkurat ferdig med første studiesamling på NTNU- masterstudie i skoleledelse. Modulen nå handler om IKT i skolen, om utfordringer og muligheter for meg som skoleleder. En av oppgavene er å opprette blogg. Dette er nytt og spennende og faktisk gleder jeg meg litt.

Hildemor